Tenk deg at du står i jordeple-åkeren din og grev opp mateple om hausten. Brått støyter grevet ditt på noko hardt. Når du får det opp i hendene og turka av den verste molda, så visar det seg at du står der og held på ein gamal, skjeldan, lysande «skatt!»
Omlag slik har Olav og eg(Høye) opplevd denne spanande tida der vi har lese oss gjennom hundrevis av gamle, handskrivne eventyr og historiar som Molkte Moe og Halvord H Nordbø samla inn rundt 1880. Alt dette materialet ligg no arkivera på samla.no for ettertida.
Dei eventyra som vi no i fyrste omgang tykte var best, har vi gjeve ut i dei to bøkene, Eventyr frå Flatdal og Eventyr frå Midt-Telemark. Begge bøkene er rikt illustrerte av Olav.
Desse ilustrasjonane, for kvart eventyr, er i seg sjølv eventyrlege.
Vi vil her ynskje alle velkomne inn i denne lokale eventyrverda frå 17 og 18 hundretalet.